A-laget til Vestnes Varfjell får likevel spele i 3. divisjon denne sesongen. Kretsen har gjort om vedtaket frå i vinter og gitt Vestnes Varfjell den ledige plassen på bekostning av Eidsvåg. Grunnen skal vere at det no er tatt sportslege omsyn. At Eidsvåg tapte 1-11 mot Træff i ein treningskamp nyleg gjorde utslaget etter det varfjell.no kjenner til. Vestnes Varfjell har alt takka ja til tilbodet om vidare spel i 3. divisjon.
Fleire detaljar kjem seinare.