29. desember er ein merkedag for fotballen i Vestnes. På denne datoen i 1967 var det møte på Tresfjord skule der dei 30
frammøtte samde om å danne ein ny fotballklubb for området frå Furland
til Vikebukt. Les alt om den første sesongen under. Les heile fotballhistorien her .
1968: Triumf med ny klubb
![]() |
Første seier: Arne Gaustad (tv) og Roar Lindset flankerar gjestane sine Kåre Aasen etter at Triumf slo Eidsvåg i Tresfjord - første serieseier for den nye klubben. (Faksimile: Romsdals Budstikke) |
På eit møte på Tresfjord skule 29. desember 1967 var alle dei 30 frammøtte samde om å danne ein ny fotballklubb for området frå Furland til Vikebukt. Den nye klubben skulle heite «Trio». Fotballgruppene i Vestnes TIL og Tresfjord IL skulle samtidig opphøre og alle som dreiv med fotball skulle melde seg inn i den nye klubben. Det vart bestemt at nyordninga skulle har ei prøvetid på eitt år. Birger Ødegård vart valt til formann.
Styra i VTIL og Tresfjord IL gav si godkjenning 4. januar 1968, og alt den 12. same månad kom godkjenninga frå fotballforbundet. Ein hake var det likevel i svaret frå NFF: Namnet, «Trio», var i bruk av eit anna lag og kunne ikkje godkjennast. For at laget skulle komme med i adresselista måtte eit nytt namn sendast inn kjapt. Valet fall på «Triumf», som skulle bli namn på den nye klubben det første året.
Førebuingane til fotballsesongen kom i gang i februar. Frå Åndalsnes kom Johan Haukeberg og leia dei første fellestreningane. Dei vart haldne i gymsalen ved Tresfjord skule, på skaresnø ute og seinare på Storholmen ved utløpet av elva Tressa. Det vart avtalt treningskamp mot Fiksdal 6. april, men sterkt snøfall gjorde at kampen vart avlyst. Først to veker seinare kunne kampen spelast. Kampen, som vart spelt på Rekdal, endte 4-4. 20 spelarar var i aksjon i den aller første kampen til den nye fotballklubben: Lodve Solholm, Jakob Skorgen, Per Næsse, Per Ove Smogeli, Njaal Furland, Bergfinn Ødegård, Sigmund Sylte, Inge Bergum, Arne Gaustad, Helge Ødegård, Åge Sylte, Roar Lindset, Leif Haugen, Olav Eidhammer, Yngve Thompson, John Børseth, Jan Nerbø, Paul Bjermeland, Svein Halkjelsvik og Kristen Øvstedal. Roar Lindset, Leif Haugen, Åge Sylte og Arne Gaustad fekk æren av å skåre dei første måla.
Laget spelte ein treningskamp til før seriestart. Vågstranda vart slått 6-0. 5. mai var det klart for første seriekamp, heime mot Isfjorden. Det vart 1-1 etter Triumf-mål av Roar Lindset. Helga etter kom den første seieren då Eidsvåg vart slått 3-2, også det på heimebane. Mot Fiksdal vart det seier 2-1 i nabooppgjer omed g stort publikum på Vestnes stadion. I alt spelte laget 14 seriekampar den første sesongen, inkludert to mot Isfjorden som vart diska fordi spelarane reiste på jakt og uteblei frå ein kamp utan grunn. På dei tolv kampane som vart teljane, e kunne oppmann Birger Rypdal bokføre fire seirar og åtte tap. Det gav 6. plass på tabellen. Sigmund Sylte, Inge Bergum, Åge Sylte og Arne Gaustad spelte alle kampane. Gaustad var også toppskårar med 11 mål inkludert dei fire han skåra i ein og same kamp mot Isfjorden.
Sportsleg sett hadde den første sesongen vore bra, og det vart vedtatt å halde fram med samarbeidet. I guteklassane grodde det godt, og Tresfjord-laget vart kretsmeistrar i klasse 12-14 år. Eit stort spørsmål måtte likevel finne si løysing før laget kunne ta fatt på sitt andre driftsår: Laget måtte ha eit godkjent namn. «Triumf» var nemleg også opptatt. På eit klubbmøte fekk namnet «Triol» størst tilslutning, men enno var ikkje alle tilfreds. Først då Johan Longva «la hovudet i blaut» og kom opp med «Varfjell», vart det semje. Bakgrunnen for Varfjell-namnet var at det både i Tresfjord og på Vestnes fanst fjell som heitte nettopp dette. No fekk laget også nye drakter. Fargane som vart valt var oransje trøyer og svarte bukser.
Kampstatistikk sesongen 1968 Seriekampar 4. divisjon Romsdal: Triumf mot: Res Målskårarar Isfjorden* (h) 1-1 Lindset R Eidsvåg (h) 3-2 Gaustad, Lindset R 2 Fiksdal (h) 2-1 Sylte Å, Gaustad Bryn (b) 1-7 Gaustad Træff (h) 1-2 Sylte S Gossen (h) 1-8 Lindset R Frode (b) 5-2 Sylte S, Gaustad 2, Sylte Å, Hustad Isfjorden * (b) 6-0 Gaustad 4, Hustad, Kjersem Eidsvåg (b) 0-3 Fiksdal (b) 2-3 Kjersem, Myklebust Bryn (h) 1-0 Bergum Træff (b) 1-2 Myklebust Gossen (b) 0-1 Frode (h) 3-4 Kjersem, Gaustad, Sylte S * Laget vart diskvalifisert frå serien Tabell: Lag K V U T Mål P Gossen 12 - - - 50-15 20 Træff 12 - - - 34-12 19 Bryn 12 - - - 27-21 12 Frode 12 - - - 20-37 9 Eidsvåg 12 - - - 16-32 8 Triumf 12 4 0 8 20-33 8 Fiksdal 12 - - - 13-39 8 Opprykk etter kvalifisering: Gossen Nedrykk: Ingen (divisjonen utvida til 9 lag) Spelarar Kampar Mål Inge Bergum 14 1 Arne Gaustad 14 10 Sigmund Sylte 14 3 Åge Sylte 14 2 Oddmund Eidhammer 11 0 Arild Hustad 11 2 Jakob Skorgen 9 0 Roar Lindset 8 4 Per Næsse 8 0 Njaal Furland 7 0 Børge Kjersem 7 3 Per Ove Smogeli 7 0 Ragnvald Sønstabø 7 0 Severin Myklebust 6 2 Lodve Solholm 6 0 Johannes Dyrhaug 4 0 Bergfinn Ødegård 3 0 Kristen Øvstedal 3 0 Edmund Nygård 2 0 Oddbjørn Nygård 2 0 Leif Haugen 2 0 Jan Nerbø 1 0 Nils Lindset 1 0 I statistikken er kampane mot Isfjorden tatt med Trenar: Johan Haukeberg, avløyst av Severin Myklebust Oppmann: Birger Rypdal
