Vestnes Varfjell utlikna til 1-1 før pause og hadde også ein kjempesjanse til å ta leiinga mot topplaget Sunndal. Laget starta også bra i andre omgang. Dessverre heldt ikkje laget heilt inn og på 1-3 fekk Sunndal etter kvart fritt spelerom og gav seg ikkje før det sto 1-6 etter at siste skåring kom tre minutt påovertid. Neste kamp er alt tirsdag, heime mot Eide blir siste sjanse til poeng før ferien.

Sunndal var klart farlegast i starten og skåra på corner via stolpen. Karl Arne Stokkeland stanga inn utlikninga, også det på corner. Så var Elling Olafsen igjennom, men keeper redda.

Sunndal fekk betre uttelling på sjansane i andre omgang og scora mange mål der Varfjell-Forsvaret var utspelt.

100 tilskuarar koste seg i sommarvarmen og alle fekk sjå den gratis då billettørane glimra med sitt fråver.

Laget: Bergslid; Kjørvik (Solevågseide 81.), S Nerheim, Connor, Liabø - Skare, Stokkeland, M Brudseth (Salte 71.) - Stavem (Male 87.), Olafsen, Kanishi (Tangen 84)

Gult kort: Stavem (65), ett til Sunndal (67)

Dommar: Dale, Malmefjorden

Sunndals trenar Ruud Ramsli til Aura Avis etter kampen: - Vi sprang over dem mot slutten, som forventet. Vestnes Varfjell har mange gode spillere, men er for dårlig trent og holder ikke kampen ut.