Geir Åge Sylte
Geir Åge Sylte
Bygdebladet har idag eit oppslag om fotballen i Vestnes. Mellom anna har dei spurt sportsleg leiar Geir Åge Sylte i Vestnes Varfjell om målet er å få opp eit lag i 2. divisjon. - Målet er å få eit stabilt 3.-divisjonslag. Eg trur vi manglar ressursar til å satse i 2. divisjon, seier Sylte til avisa. Han meiner det ikkje har noko for seg å slå saman laga i Vestnes. Også folk frå Fiksdal/Rekdal og Tomrefjord er intervjua:

 

Spelande trenar Dag Nakken i Fiksdal/Rekdal meiner hans klubb burde vore slått saman med Tomrefjord att. - Då ville vi fått eit slagkraftig lag. Men då måtte samanslåinga basere seg på eit anna grunnlag enn då vi prøvde sist, seier han.

 

Roar Gjerde i Tomrefjord er for å satse vidare på eigahand. - Målet vårt er å utvikle fotballag slik at vi kan nå eit høgare nivå enn i dag. Det treng vi nokre år på fordi laget er svært ungt, seier Gjerde til Bygdebladet.

 

Sigmund Rekdal, tidlegare spelar og dommar og far til Kjetil, rådar klubbane til å satse meir på talenta. - Vi må gje dei som er verkeleg har talent betre vilkår. Det gjeld også i lokalfotballen. Talenta er der, men dei må hjelpast fram på betre måte, seier Rekdal til Bygdebladet.

 

Geir Åge Sylte blir spurt om rekrutteringa er god nok og svarer at alt kan bli betre, men at blir arbeidd godt og at mange speler fotball.

 

Om kvifor laget slit i 3. divisjon har han denne forklaringa:

- Ein viktig grunn til det er at vi manglar etablerte spelarar. Laget er for ungt. Dette vil rette seg dersom vi får behalde spelarane. Og eg meiner vi har greidd oss betre i starten av 3. divisjon i år enn for to år sidan. Resultata kjem.