Fotballaget i 1935
Vestnes FK 1935

Denne sommaren er det 75 år sidan fotballsporten kom inn i organiserte former i Vestnes. På eit møte tirsdag 31. juli 1934 vart det første styret for «VTILs fotballklubb» valt med Ole Talberg som formann. Rolf Sivertsen vart nestformann og «matchkaptein», Sivert Sivertsen sekretær, Ottar Lindheim materialforvaltar og Mikkel Lindheim «reklameformann». Det vart samtidig valt eit fotballutval med Dr Kielland som oppmann og formann og Ole Talberg og Rolf Sivertsen som medlemar. Sverre Salthammer, Paulus Sivertsen og Steinar Vike utgjorde baneutvalet.

 

 

Dei skulle ha ansvar for å merke bana i god tid før kampane og syte for billettsalet. Det vart også fastsett treningstider. A- og B-laget skulle ha tirsdags- og torsdagskveldane. Jentene ville også vere med og spele fotball, og fekk trene kvar måndag. Også fredag var jentene sin dag – om ikkje A-laget hadde utsett si trening frå torsdag. På dette første møtet i fotballgruppa i VTIL vart det etter forslag frå Bjarne Vestnes vedtatt at: «Idrettslaget betaler ikke skyssgodtgjørelse for fotballspillere fra Rekdal som før kampene vil trene på Helland Idrettsplass».


Sjølv om fotballaget no var ein del av idrettslaget, skulle det gå enno nokre år - til 1937 - før laget kom med i seriespelet. I mellomtida vart det spelt privatkampar.

Les meir om den tidlege fotballhistorien i det som no er Vestnes Varfjell IL her>>