I år er det 50 år sidan Nordmøre og Romsdal fekk felles 4. divisjon. Det blir markert på X/Twitter der Jan Ragnvald Eide har gjort eit imponerande arbeid der han tar for seg år for år 50 dagar fram til seriestart. Her er det historiske tilbakeblikk med lokalavisene som kjelde. Serien tar for seg sesong for sesong sidan 1974, der Varfjell gjorde seg sterkt gjeldande alt frå første sesong med ein andreplass. Seinare har laget også kjempa i toppen, men opprykk til. 3. divisjon greidde laget aldri. Nedanfor kan du sjå nokre avisutklipp med Varfjell i fokus frå dei første sesongane. HER KAN DU FØLGE HISTORIEN