Banner

Sesongmeny

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
VarfjellTV: Spent trenar før seriestart
torsdag 22. juli 2021 17:44

Sjå intervju med Vestnes Varfjell-trenar Ole Håkon Heen Lien og innslag frå treninga onsdag. Her fortel han mellom anna at det no går mykje i mengdetrening for å gjere spelarane fysisk klare til seriestart 15. august. Laget har fått spelt berre ein treningskamp til no etter at motstandarar har trukke seg frå to kampar. Foto: Asbjørn Vik

SJÅ INNSLAGET HER

Add a comment
 
Avlyst treningskamp
torsdag 15. juli 2021 19:58

Eide har ikkje nok folk i ferietida til å komme til Vestnes for å spele treningskamp fredag. Oppmann Frode Lien seier dei har prøvd å få eit anna lag til å stille på kort varsel, utan å lukkast. - Har kontakta 17 andre klubbar, men fått nei frå alle, seier Lien. Dermed blir det ingen kamp denne fredagen.

Add a comment
 
Stortap i første treningskamp
fredag 09. juli 2021 22:23

Det vart eit brutalt møte med kampspel att då Vestnes Varfjell tapte heile 1-8 borte mot Åndalsnes fredag. Vertane gjekk hardt ut og gav seg ikkje før det stod 7-0 ved pause. Seks av måla kom siste kvarteret av første omgang. Trøsten får vere at det vart 1-1 i andre omgang. Eirik Leao Tomren var målskårarar. Vestnes Varfjell, som nyleg mista kaptein Tommy Kanishi Andreassen til nabo Tomrefjord, har mykje å jobbe med fram mot seriestart i midten av august.

Eide er motstandar i neste treningskamp, heime komande fredag klokka 19.

Rapport frå oppmann Frode Lien:

Første kamp på 16 måneder for store deler av laget vårt. Vi forventet tøff motstand og det fikk vi også. ÅIF har en ung tropp og mange har allerede flere G19-kamper denne sesongen. Vi tok dette for det det var, nemlig en treningskamp, og det var bestemt på forhånd at alle skulle få minimum 45 minutt spilletid og to formasjoner prøves.

Lagoppstilling 1. omgang: Lars-Håvard Heen Lien, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Juan Rikard Larsen, Magnus Nerheim, Vegard Ellingseter, Oliver Søreng, Vegar Skare, Ole Ragnar Forsland, Elling Olafsen, Knut Stian Eik.

2. omgang: Owen Connor, Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen, Liam Connor, Ole Ragnar Forsland (Juan Rikard Larsen 55), Vegar Skare, Lars-Helge Lien, Lucas Våge, Magnus Nerheim (Elling Olafsen 78), Svein Erik Lange Male, Eirik Leao Tomren.

 

Mål: 1-0 16 min 2-0 30 min, 3-0 32 min, 4-0 37 min, 5-0 39 min, 6-0 41 min, 7-0 44 min, 8-0 70 min, 8-1 Eirik Leao Tomren 80 min

Add a comment
 
Fleire treningskampar avtalt
torsdag 01. juli 2021 17:01

Kampen mot Elnesvågen fredag vart avlyst. Første motstandar for Vestnes Varfjell etter gjenopninga av breiddefotballen blir dermed borte mot Åndalsnes fredag 9. juli. Dette er første kamp sidan 2-3-tapet borte mot Emblem 27. februar i fjor. Det er vidare avtalt kampar heime mot Eide 16. juli klokka 19, borte mot Langevåg 30. juli og borte mot Norborg 6. august  kl 18.30.

Add a comment
 
Frå Vestnes Varfjell til landslaget!
laurdag 03. juli 2021 20:32

I august er det igjen duka for den tradisjonelle og prestisjetunge Equinor Talentleir Porsgrunn for aldersklassane jenter og gutar 14 og 15 år. Solveig Tomren Slemmen, som nyleg meldte overgang til Molde, er tatt ut på J15-landslaget. Me gratulerer!

Les meir om uttaket og samlinga her:

https://www.fotball.no/barn-og-ungdom/landslagsskolen/2021/uttak-equinor-talentleir-porsgrunn-2021/

Add a comment
 
Opnar heime mot KBK 2
fredag 25. juni 2021 14:26

Vestnes Varfjell opnar heime mot KBK2 søndag 15. august når 4. divisjon omsider startar opp att etter halvanna års paue. Eide (b) ventar deretter i det som må kallast ein knalltøff seriestart. Dette er laga som kom på dei to første plassane i 2019. Malmefjorden (H), KFK (b), Surnadal (H) og Tomrefjord (h) er dei neste kampane. Det skal spelast enkel serie og Vestnes Varfjell er mellom laga som har fått seks heimekampar.

Alle kampar her:

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=38

Add a comment
 
Endeleg seniorfotball - seriestart 13. august
laurdag 19. juni 2021 08:09

Regjeringa opna for trening og kampar med kontakt også for dei over 20 år. Oppmann for A-laget i Vestnes Varfjell seier fotballkretsen har stadfesta at seriestart i 4. divisjon blir fredag 13. august: «VVIL A-lag: Vi kan med glede meddele at breddefotballen er i gang igjen. Seriestart er bekreftet til 13. aug med enkel serie. Nå er det treninger og treningskamper for å komme i kampform som gjelder. Vi jobber med treningskamp motstandere og vil ha en allerede neste uke. Så vil vi ha to til der den 2/7 er et mål. ÅIF borte den 09/07 er bekreftet. Oppdateringer kommer.»

Add a comment
 
Seriestart16. april?
fredag 12. februar 2021 09:45

Fotballkretsen planlegg enno for normalsesong, og har lagt ut terminliste for 4. divisjon. Om alt går som alle håper blir det seriestart 16. april. For Vestnes Varfjell betyr det bortekamp mot Midsund, deretter heimekamp mot Surnadal. Alle våre kampar:

https://www.fotball.no/fotballdata/lag/kamper/?fiksId=38

Add a comment
 
Årets første trening for A-laget
laurdag 23. januar 2021 00:27

19 mann på årets første A-trening. Ole Håkon kom godt i gang selv om treningen ble litt amputert fordi deler av banen var frossen slik at øvelsene måtte endres i siste liten. Gleder oss til å komme skikkelig igang selv om covid-19 setter en stopper for full trening.

Add a comment
 
A-laget: Ny hovedtrener på plass
fredag 11. desember 2020 13:13

Alexander Connor har etter mange år som hovedtrener for klubben valgt å trekke seg litt tilbake fra treningsfeltet i 2021. Alexander vil innta en mer administrativ rolle, samt bidra til å veilede klubbens trenere. I tillegg har VVIL planer om å videreutvikle Vestnes idrettspark og han vil være en sentral  brikke i dette arbeidet. Ole Håkon Heen Lien tar over stafettpinnen fra januar og er svært motivert for jobben. 26-åringen har studert trenerrollen på Høgskolen i Innlandet og tar med seg god kunnskap fra dette. I årets sesong har han trent G13 og G14 for VVIL. Vi takker Alexander for den fantastiske jobben han har gjort for VVIL og ønsker Ole Håkon lykke til med sesongen 2021!

Add a comment
 
Endeleg seier for G19
torsdag 01. oktober 2020 18:23

Juniorlaget avslutta det innleiande seriespelet med å slå Molde 2 4-1 på heimebane tirsdag. Målskårarar var Erik Crispim Tomren, Daniel Watt Gravdehaug 2 og Oliver Connor Søreng (straffe). Laget endte dermed på 7. plass med fire poeng og skal nå spele plasseringsmapar slik: Dahle/Nordlandet 1 (b) 9. oktober, Rival (h), 16. oktober og Molde 2 (b) 23. oktober.

Add a comment
 
Idrettslaget fyller 120 år i dag!
tysdag 29. september 2020 16:14

I dag kan me feire at det er 120 år sidan Vestnæs Idrætslag vart stifta på Helland 29. september 1900. Her kan du lese meir om klubbhistoria.

Add a comment
 
G19 møter Molde 2 i siste kamp
måndag 28. september 2020 19:29

G16 møter Molde 2 i siste kamp i grunnspelet tirsdag kveld. Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 19.

Resultata så langt har vore:

Vestnes Varfjell - Elnesvågen/Bryn/Bud 1-1 (Daniel Gravdehaug)

Træff - Vestnes Varfjell 14-1 (Christer Enger)

Vestnes Varfjell - Åndalsnes/Isfjorden/Langfjorden/Måndalen 0-8

Rival - Vestnes Varfjell 4-2 (Christer Enger 2)

Vestnes Varfjell - Molde 1 0-3* (Molde vinner på walk over)

Vestnes Varfjell - Eide 1-4 (Eirik Crispim Tomren)

Mot Eide kom laget under 0-2 på to frispark-mål. Eide var best, men det vart esktra vanskeleg å få poeng då kaptein Cédric Andreassen vart utvist like før slutt. Likvel makta laget å redusere ein gong før Eide skåra to gongar til på slutten.

Add a comment
 
Ingen seniorfotball i år
fredag 18. september 2020 14:20

I dag kom meldinga som haar vore venta ei stund. NFF gir opp og kansellerer all seniorfotall frå 3. divisjon og nedover denne sesongen. Det er likevel ei opning for at det kan bli spelt kampar på kretsnivå når smittesituasjonen gjer at reglane for kontakt for spelarar over 20 år blir endra. Det blir i så fall nokre få kampar utan opp- og nedrykk. «NFF vil nå sammen med fotballkretsene sette seg ned for å se på en lokal turneringstruktur gjennom vinteren for å skape motivasjon og fotballglede for senior breddefotball. En eventuell gjennomføring betinger at myndighetene gir klarsignal for kontakttrening og kamper», heter det i en pressemelding frå NFF og NFF Nordmøre og Romsdal.

Juniorana er derimot i gang, og skal ut i ny kamp borte mot Rival i kveld klokka 19. Forrige kamp endte med tap 0-8 heime mot serieleiar Ådalsnes/Isfjorden/Langfjorden/Måndalen.

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 1 av 259

Generalsponsor

sbmoreny.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

moen.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer