Banner

Sesongmeny

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 11 16 29
2 KBK 2 11 34 28
3 Sunndal 11 10 22
4 Surnad. 11 29 19
5 ÅIF 11 4 18
6 Dahle 11 -4 16
7 Malmefj. 11 -6 16
8 Eide 11 -4 10
9 Varfjell 11 -14 10
10 KFK 11 -12 9
11 Midsund 11 -28 9
12 Smøla 11 -25 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Olafsen med fire mål då Smøla vart slått PDF Skriv ut E-post
laurdag 09. oktober 2021 14:33

Vestnes Varfjell vann nøkkelkampen i botnstriden 4-1 borte mot Smøla laurdag, og mykje skal gå galt om det ikkje blir spel i 4. divisjon også neste sesong. Elling Olafsen skåra likegodt alle måla i ein perfekt gjennomførst bortekamp med solid innsats og god lagmoral frå alle.

KAMPEN LIGG UTE I OPPTAK PÅ FACEBOOK

EIT LITE BILDEGALLERI FRÅ TUREN HER

 

Smøla fekk lov til å ha ballen mest i ein sjansefattig start på kampen. Vestnes Varfjell hadde hatt eit skotforsøk utanfor frå Tor-Bjarne Salte før Elling Olafsen bestemte seg for å sette standarden. Magnus Nerheim kjempa om eit langt framspel, og brått var Olafsen aleine med keeper. Der gjorde han som vanleg ingen feil og det sto 0-1.

 

Like etter pause sto det 0-2, og igjen var Olafsen sist på ballen då spissen stupheada ballen i mål etter innlegg frå Oliver Søreng. Så hadde heimelaget nokre gode forsøk på redusering der laget vart berga av ei feberredning frå Owen Connor og tverrliggaren.

 

Mål vart det ikkje og i andre enden var heimelaget gavmilde då keeper gav retur på eit frispark frå Magnus Nerheim. Elling Olfsen sette hovudet til og hat-tricket var komplett etter femten minutt av andre omgang.

 

Kampen hardna til ein periode i andre omgang og høglytte publikummarar gjorde det klart at dei ikkje var fornøgde med dommaren. Det hjalp lite, sidan det er med beina fotball blir spelt. Der var Elling Olafsen best denne fine haustdagen i havgapet på Nordmøre. Mot KFK tirsdag var det ein femmeter frå Owen Connor som var assist ved eitt av måla. Denne gongen var det eit offside-frispar frå Ole Håkon Heen Lien som landa langt inne på motstandaren sin banehalvdel. Olafsen traff ballen før målvakta og ballen trilla i mål til 4-0.

 

På overtid var innbyttar Karl Arne Stokkeland uheldig og handsa innanfor 16-meteren slik at Emil Betten fekk pynte litt på resultatet.

 

Vestnes Varfjell drog på langtur med ei lang forfallsliste, og trenar Ole Håkon Heen Lien måtte sette seg sjølv inn på den eine backen. Alexander Connor styrte laget frå benken. Alle dei 16 spelarane som var med bussen fekk speletid, inkludert debutant Dag Christian Maier Eidhamar frå gutelaget og reservekeeper Lars Håvard Heen Lien som fekk nokre minutt som utespelar.

 

To seierar på fem dagar sendte også laget oppover til ein 8. plass på tabellen. Laget er faktisk ubeseira på bortebane denne sesongen. Neste laurdag ventar Åndalsnes til årets siste heimekamp, før sesongen blir avslutta borte mot Dahle laurdagen etter.

 

PS: Dette var første møte med Smøla sidan 1995. Då skåra Arjan Hulsker 2 og Bernt Hulsker eitt i 3-1-seieren i tilsvarande kamp.

 

KAMPFAKTA:

Smøla - Vestnes Varfjell 1-4 (0-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 9. oktober 2021 kl 14.30

Smøla kunstgressbane, 80 tilskuarar (11 Vestnes Varfjell)

Mål:

0-1 (36) Elling Olafsen

0-2 (50) Olafsen

0-3 (59) Olafsen

0-4 (79) Olafsen

1-4 (90 +3) Emil Betten, straffespark

Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen

Gult kort: Oliver Connor Søreng (31), Juan Rikard Larsen (56), Tor-Bjarne Løvik Salte (61), Vestnes Varfjell; Arne Martin Fossland (55), Smøla.

Vestnes Varfjell (4-5-1): Owen Connor; Juan Rikard Larsen (Dag Christian Maier Eidhamar 84.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (k) (Karl Arne Stokkeland 66.), Ole Håkon Heen Lien - Ole Ragnar Opstad Forsland (Airidas Skirigaila), Oliver Connor Søreng, Magnus Nerheim (Juan Rikard Larsen 88.), Tor-Bjarne Løvik Salte (Arjan Sylte 80.), Lars Helge Lien - Elling Olafsen (Lars Håvard Heen Lien 84.)

Sist oppdatert laurdag 09. oktober 2021 22:57
 

Våre sponsorar