Alexander Connor har omsider fått lokka Tommy Kanishi heim att. Her frå ein kamp i Kristiansund i 2019.

Vestnes Varfjell slo Aksla 2-1 i ein treningskamp onsdag kveld, men enda betre: Tommy Kanishi Andreassen vender heim etter tre sesongar i Tomrefjord. Han skåra også i sin re-debut i den mørkeblå drakta. - Eg er kjempeglad for å ha Tommy tilbake der han høyrer heime, seier Varfjell-trenar Alexander Connor og røper at det kan komme fleire signeringar.

Det kom som eit sjokk på alle då Varfjell-kapteinen valgte å gå til nabo og erkerival Tomrefjord då fotballen starta opp att etter koronaen hausten 2021. Kanishi var då sentral på laget som vann 4. divisjon Nordmøre og Romsdal og som plasserte seg i toppen også i 2022 og 2023. Han har tidlegare også eit opphald i Brattvåg. I Vestnes Varfjell står han frå før med 249 obligatoriske kampar og 131 mål sidan debuten i 2005.

Kampen mot Aksla onsdag var flytta frå Ålesund til Vestnes grunne sprengt banekapasitet i Ratvika i Ålesund.

Dei frammøtte denne fine marskvelden fekk sjå ein ganske jamnspelt kamp med med få store, men ein del halvsjansar til begge lag. Daniel Gravdehaug sendte heimelaget i føringa rett før pause på eit skot frå 16 meter etter assist frå Lars-Helge Lien. Tommy Kanishi auka til 2-0 på eit langskot like etter kvilen, igjen var Lien nest sist på ballen. Gjestane reduserte på eit straffespark.

Sjå måla her:

- Me var tidvis veldig bra i presspelet, særleg dei første 25-30 minutta av første omgang og dei første 20-25 minutta etter pause. Dei skapte ingen farlegheiter i første omgang, men pressa oss bra dei siste 15-20 minutta av kampen, oppsummerer oppmann Frode Lien.

Aksla spelar i 4. divisjon på Sunnmøre og gjekk nyleg vidare i Sunnmørsposten cup etter 2-2 og seier på straffekonk mot Langevåg. Dei har tidlegare i vinter tapt 4-5 mot Valder og 3-7 mot SIF/Hessa.

Neste treningskamp for Vestnes Varfjell er borte mot Emblem torsdag 21. mars.

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Valder 2-1 (1-0)

Treningskamp, onsdag 6. mars 2024 kl 18.30

Vestnes idrettspark, 40 tilskuarar

Mål:

1-0 Daniel Gravdehaug (45)

2-0 Tommy Kanishi Andreassen (53)

2-1 straffespark (58)

Dommar: Svale Leren, Vestnes Varfjell. Assistentdommarar: Eirik Hurlen, Vestnes Varfjell og Fredrik Røstberg, Rival 

Vestnes Varfjell (3-5-2): Owen Connor (Egil Dalhaug 46.); Lars-Helge Lien (Leon Botnvik 79.), Svein Erik Lange Male (Arjan Sylte 79.), Ørjan Tangen (k), Cédric Andreassen (Håkon Kjørvik 65.) -  Leo Krogseth, Vegar Skare (Sverre Lindset 65.), Didrik Sæter (Eirik Leao Tomren 79.), Tommy Kanishi Andreassen (Andreas Lønset 72.) - Daniel Gravdehaug (Noah Johansen 65.), Noah Johansen (Elling Olafsen 14.)