Kveldens planlagde treningskamp mot Stordal/Ørskog er avlyst grunna det store snøfallet dei siste dagane. Trenar Alexander Connor seier bana er måka måndag, men at det er meldt meir snø i kveld. - Me hadde ein tilsvarande situasjon i fjor då kampen mot Norborg måtte avblåsast etter 60 minutt, og det vil me unngå. Det er også fare for skadar på «kladdeføre», seier han, Det blir gjort eit nytt forsøk på å få spelt kampen onsdag. Då er det meldt betre vær.