Foto: Måndalen IL

Vestnes Varfjell har inngått samarbeid med Måndalen IL som no er påmeldt i 5. divisjon som Måndalen/Vestnes Varfjell 2.

Vestnes Varfjell har vurdert å melde på både juniorlag og B-lag i eigen regi, men A-lagstrenar Alexander Connor seier eit samarbeid med Måndalen vil gje eit godt kamptilbod for dei nest beste. Måndalen endte på 8. plass i 5. divisjon i fjor etter å ha rykka opp frå 6. divisjon året før. Laget blir trent av Per Atle Lie. Magnus Lindset frå Vestnes Varfjell kjem no inn som assistenttrenar. Han trente i fjor Vestnes Varfjell G16 og har leia juniorlaget i NM-kvalik for G19 i vinter.

Måndalen/Vestnes Varfjell 2 serieopnar borte mot Eidsvåg/ Eresfjord og Vistdal 19. april. Dei andre laga i avdelinga er Dahle 2. Frei, Hjelset-Kleive, Kårvåg/Havørn, Molde 3, Moldestudentene, Rival og Smøla. Alle kampar for Måndalen/Vestnes Varfjell 2 her.

Heimekampane blir spelt på Måndalen stadion som har naturgras. Måndalen har eit flott anlegg som i tillegg til grasbana består av friidrettsbane med tartandekke, overbygd tribune og treningshall for fotball.

Fleire frå Vestnes Varfjell har spelt for Måndalen, no sist Lars Håvard Heen Lien som hjalp til på keeperplass i fjor. Også Vegar Skare og Justin Sætre i dagens A-stall har kampar for Måndalen.