DRAR SIN KOS: Adrian Kosinski har gått til Lyngbø SK.

Adrian Kosinski har flytta til Bergen og spelt sin siste kamp for Vestnes Varfjell i denne omgang. Kantspelaren frå Aukra og Polen held fram karriera i 4.-divisjonsklubben Lyngbø Sportsklubb. Ein annan som har funne seg ny klubb er David Sissoko. Vestnesingen held fram i 2. divisjon når han går frå Brattvåg til Notodden FK.

Kosinski kom som eit friskt pust frå Træff føre 2022-sesongen. Det vart 8 mål på 21 kampar i den første sesongen i marineblått. Kosinski var litt meir skadeplaga i fjor, men var likevel innpå i 21 av kampane. Denne sesongen vart det 5 skåringar, der me best huskar susaren frå nær død vinkel som langt på veg sikra seieren borte mot Malmefjorden og tok laget eit langt steg mot fornya kontrakt.

Me takkar for innsatsen, ønsker lukke til i ny klubb og velkommen tilbake om det skulle bli aktuelt i framtida.

Foto: Notodden FK

David Sissoko imponerte på prøvespel i Notodden med to skåringar på like mange kampar. Dermed vart han tilbydd kontrakt med 2.-divisjonsklubben.

"David er en driblesterk og smidig fotballspiller, med finesser og flere triks opp i ermet", skriv telemarksklubben på sine nettsider om nysigneringa.

Sissoko rakk å bli den yngste debutanten på A-laget til Vestnes Varfjell før ferda gjekk vidare til Molde FK. Sissoko står med 9 aldersbestemte landskampar for Norge.

Me tar også med at Jarle Løvik Salte skal spele for NTNUIÅ. Salte sa til varfjell.no tidlegare i vinter at han ville spele seg i form for studentlaget i Ålesund før ein retur heim til moderklubben.

Me ønsker lukke til med spel i nye klubbar.