Inga endring i opprykkskvalifiseringa Skriv ut
Skrive av administrator   
søndag 08. mars 2020 19:29

Det blir ingen endringar i kvalifiseringa for opprykk frå 4. divisjon denne sesongen. Forslaget frå NFF Vestfold som ville gitt kvalifisering også mot lag frå Trøndelag for Nordmøre og Romsdal sin del, vart nedstemt på forbundstinget søndag. Vestfold ville ha ei fordeling av opprykksplassar meir i samsvar med innbyggartal i dei ulike kretsane. Her kjem særleg Sogn og Fjordane bra ut med ein direkte opprykksplass medan mer folkerike område på særleg Austlandet må ut i kvalik. I forslaget var det lagt opp til at laga frå Møre og Romsdal også skulle møte lag frå Trøndelag i kampen om opprykk. Ordninga no er som kjent at vinnarlaga i Møre og Romsdal møtest i dobbeltkampar om ein plass i 3. divisjon.

Sist oppdatert søndag 08. mars 2020 19:34