Gratulerer til KBK 2 som avdelingsvinnar! Skriv ut
Skrive av administrator   
søndag 13. oktober 2019 18:39

Kristiansund BK 2 sikra seg kretsmeisterskapet i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal etter seieren mot Averøykameratene søndag. Som mot Vestnes Varfjell sist vart det dramatisk på slutten, men eliteseriereservene vann 3-2 på overtid etter at dei fekk ein mann utvist og AK utlikna til 2-2. Dermed skal laget ut i kvalifisering for 3. divisjon mot vinnaren på Sunnmøre (her er Volda fire poeng føre Bergsøy to runder før slutt).

Gratulerer også til Smøla som vann 5. divisjon og er klare for neste års 4. divisjon. Dei neste vekene vil avgjere om det blir bortetur til Hopen for første gong for Vestnes Varfjell.

Sist oppdatert søndag 13. oktober 2019 21:48