Nedrykksdrama til siste slutt |
![]() |
Skrive av administrator | |||
søndag 13. oktober 2019 17:57 | |||
– Jeg hadde ikke trodd at vi skulle bli innblandet i nedrykksstriden, men vi har dessverre hatt for mange «off-kamper». Og når vi ikke er «på», er vi veldig «av». Men vi har matchball mot ÅIF, og den må vi ta vare på, sa trenar Alexander Connor til Romsdals Budstikke etter kampen (krev abonnement). Om kampen i Elnesvågen søndag er å seie at heimelaget vann fortent, sjølv om det var Vestnes Varfjell som tok leiinga. Ein innlegg frå Tommy Kanishi vart sendt vidare mot mål av Amund Stavem, keeper sendte ballen i retur til innbyttar Juan Rikard Larsen som sette ballen i mål. Då var det spelt 20 minutt av andre omgang ein rotete fotballkamp prega av mange innkast og feilpasningar. Elnesvågen hadde vore klart best før pause og skapt flest sjansar, men Vestnes Varfjell var på høgde etter kvilen og hadde mellom anna ein stor sjanse før skåringa då Amund Stavem skaut på innsida av stolperota og Kanishi sette returen utanfor. Elnesvågen utlikna på eit flott skot ute i hjørnet og tok leiinga på straffespark trass i høglydte protestar frå Svein Erik Lange Male som meinte det ikkje var nok kontakt til å blåse. Elnesvågen trengte poenga mest, kjempa best og rei til slutt inn seieren. Dei møter Averøykameratene borte i siste runde, ein rein nedrykksfinale. KAMPFAKTA: Elnesvågen og omegn - Vestnes Varfjell 2-1 (0-0) 4. divisjon Nordmøre/Romsdal Elnesvågen stadion (gras), 45 tilskuarar, 9 Vestnes) Mål: 0-1 (67) Juan Rikard Larsen 1-1 (69) Stefan Viken 2-1 (76) Magnus Nygård, straffespark Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen Gult kort: Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Vegard Ellingseter 70., Lars Helge Lien 83.), Håkon Kjørvik (Elling Olafsen 83.)- Vegard Ellingseter (Karl Arne Stokkeland 46.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Tommy Kanishi Andreassen (Erik Crispim Tomren 88.), Knut Stian Eik (Juan Rikard Larsen 46.), Amund Stavem
|
|||
Sist oppdatert onsdag 16. oktober 2019 16:00 |