Fortent seier etter god andreomgang Skriv ut
Skrive av nettredaksjonen   
fredag 20. juni 2014 20:01

Det sto 0-0 ved pause etter ein sjansefattig omgang i Vestnes idrettspark. Nærast skåring var Azin Ahmadi då han runda keeper, men ikkje fekk avslutta skikkeleg etter 35 minutt. Heimelaget festa etter kvart eit klart grep om kampen og tok leiinga på straffe ved Karl Arne Stokkeland etter 54 minutt. Magnus Nerheim vart felt. Så hadde Elling Olafsen tre store sjansar på rappen før Amund Stavem fann innbyttar Adrian Liabø føre mål som enkelt kunne sette inn 2-0 kvarteret før slutt. På overtid var det Stavem sjølv som fekk avslutte til 3-0 med eit kontant skot forbi keeper. Dermed ein klar og fortent seier mot eit ungt MFK-lag. 50 tilslutta hadde tatt pause frå VM-fotballen for å få med seg kampen. BILDEGALLERI

 

 

 

Lite skjedde i første omgang bortsett frå sjansen til Ahmadi. Dei teknisk gode gjestana fekk trille litt ball i starten, men Vestnes Varfjell tok etter kvart meir og meir over utan å skape så mykje framom mål.

 

Då vart det langt betre etter pause. Utanom skåringane hadde Elling Olafsen lobba over keeper, var aleine med keeper heada like utanfor i løpet av fem minutt midtvegs i omgangen. Same mann hadde også skot over på stillinga 2-0. Amund Stavem kom nære to minutt før slutt då MFK-forsvaret fekk rensa ballen vekk frå streken i siste liten, men spissen - som var i godt slag denne kvelden - fekk altså si uttelling på overtid.

 

Gjestane, under leiing av den gamle MFK-kjempa Trond Strande, hadde ein stor sjanse i andre omgang og elles nokre skotforsøk frå distanse.

Neste kamp er borte mot serieleiar KFK.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Molde 3. lag 3-0 (0-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Vestnes idrettspark, fredag 19. juni 2014 kl 19

Mål:

1-0 (55) Karl Arne Stokkeland, straffespark

2-0 (76) Adrian Liabø

3-0 (90) Amund Stavem

Dommar: Rolf Erik Pedersen, ÅIF.

Gult kort: Tobias Kjølstad Nyheim, MFK 3 (11)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad, Magnus Nerheim - Karl Arne Stokkeland (k), Nirut Mjøs, Ole Gunnar Kjærstad (Yngve Slevågseide 83.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Azim Ahmadi (Adrian Liabø 64.)

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert fredag 20. juni 2014 23:26