A-laget: Poenget glapp heilt mot slutten Skriv ut
Skrive av nettredaksjonen   
fredag 06. juni 2014 19:51

Vestnes Varfjell utlikna to gongar mot topplaget Eidsvåg, men ei skåring eitt minutt før slutt gjorde at gjestane tok alle poenga i Vestnes idrettspark fredag. Det sto 1-1 ved pause. - Eit forferdeleg surt tap, me spelte ein god kamp og fortente absolutt poeng, seier Varfjell-trenar Alexander Connor.  Eidsvåg hadde eit skot i tverrliggaren før dei tok leiinga. Heimelaget utlikna før pause i jamn førsteomgang. Elling Olafsen vart spelt igjennom og sette ballen kontrollert forbi keeper. Heimelaget tok føringa i starten av andre omgang, og skapte 2-3 kvalifiserte målsjansar etter mykje godt spel. Det var derfor surt å oppleve at Eidsvåg igjen tok leiinga. Ole Gunnar Kjærstad skapte ny balanse på eit kontring, og det sto 2-2 heilt til eitt minutt sto att av ordinær tid. Då greidde Eidsvåg å pirke inn 2-3. Vestnes Varfjell pressa på i dei fem tilleggsminutta, men måtte gå av bana utan poeng. Laget har likevel all grunn til å vere stolt av innsatsen, då laget faktisk var svært nærme å slå laget som ligg på andreplass. Kampfakta her | Eidsvåg om kampen | Romsdals Budstikke om kampen

 

 

 

 

 

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Eidsvåg 2-3 (1-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 6. juni 2014 kl 19.00

Vestnes idrettspark, 50 tilskuarar

Mål:

0-1 (38) Tore Klokseth

1-1 (43) Elling Olafsen

1-2 (63) Johan Oltedal

2-2 (76) Ole Gunnar Kjærstad

2-3 (89) Tore Klokseth

Dommar: Ingvild Langnes Aarland, Malmefjorden

Gult kort: Thomas André Brastad (67) og Elling Olafsen (69), Vestnes Varfjell

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide, Karl Arne Stokkeland, Elling Olafsen - Adrian Liabø (Ole Gunnar Kjærstad 72.), Amund Stavem, Azim Ahmadi (Nirut Mjøs 72.).

Sist oppdatert tysdag 10. juni 2014 17:25