Skrive av administrator
|
tysdag 10. desember 2019 12:13 |
Ørjan Tangen vart kåra til årets spelar på A-laget i Vestnes Varfjell i 2019-sesongen. Han vart stemt fram til den prestisjetunge prisen av sine lagkameratar. Prisen vart delt ut på det godt besøkte julebordet/årsfesten på Vestnes fjordhotell laurdag. Tangen fekk også utmerking for passerte 200 kampar, han nådde 204 seriekampar i løpet av sesongen. Frå før var det klart at Tommy Kanishi fekk prisen til årets toppskårar etter 12 fulltreffarar i løpet av sesongen. Det vart ikkje kåra årets unge spelar i år.
|
Sist oppdatert torsdag 19. desember 2019 20:42 |