Avslutta sesongen med borteseier |
![]() |
![]() |
![]() |
Skrive av administrator | |||
laurdag 13. oktober 2018 15:42 | |||
Vestnes Varfjell gjekk rett i angrep etter pause og Markus Brudseth auka til 0-4 etter innlegg frå Håkon Kjørvik. Så avlsutta Magnus Nerheim rett på keeper, før Træff 2 fekk ei redusering. Ole Kristian Gautvik lobba over keeper etter at han forfulgte ei svak bakoverpasning frå Varfjell-forsvaret. Så kom ein periode med mange sjansar for Varfjell der det ikkje vart utteljing: Brudseth var to gongar aleine igjennom, Ørjan Tangen skaut i stolpen og var aleine med keeper, medan Svein Erik Lange Male nesten fekk satt ballen forbi keeper. Håkon Kjørvik avslutta til 5-1 då han gjorde alt sjølv og sette ballen forbi keeper. Skader, haustferie og jobb gjorde at laget stilte med berre trenar Alexander Connor som innbyttar, og Adrian Liabø måtte fullføre halvskada. På slutten fekk også Fredrik Bergslid nokre minutt som spiss, og keeperen var nære skåring i sitt første angrep. I andre enden varta erstattar mellom stengene, Knut Stian Eik, opp med ein fin beinparade. Det var alt klart før kampen at Vestnes Varfjell ville ende på 8. plass, i år som i fjor. Laget har tapt for mange poeng i jamne kampar til å kjempe heilt i toppen, men kan mellom anna ta med seg ein seier heime mot Sunndal, som rykka opp, og ein uavgjort borte mot Eide, som vart nummer to på like mange poeng. SLUTTABELLEN KAMPFAKTA: Træff 2 - Vestnes Varfjell 1-5 (0-3) 4. divisjon Nordmøre/Romsdal Laurdag 13. oktober 2018 kl 15 Reknesbanen, 35 tilskuarar (12 Vestnes) Mål: 0-1 (8) Amund Stavem 0-2 (17) Markus Brudeseth 0-3 (35) Knut Stian Eik 0-4 (47) Brudseth 1-4 (52) Ole Kristian Gautvik 1-5 (72) Håkon Kjørvik Dommar: Kurt Ansnes, Kvass/Ulvungen Gult kort: Fire til Træff 2 Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Adrian Liabø - Magnus Nerheim, Amund Stavem, Ørjan Tangen (k) - Audun Løkke, Markus Brudeseth, Knut Stian Eik
|
|||
Sist oppdatert søndag 14. oktober 2018 19:36 |